1. Fornekting på norsk? Fornekting av holocaust i Noreg mellom 1975 og 2000
- Author
-
Ringkjøb, Simen
- Subjects
Nynazisme ,Holocaust ,Holocuastbenektelse ,Nazisme ,Antisemittisme - Abstract
Denne studien har utforska fenomenet holocaustfornekting i Noreg i åra 1975 til 2000. Gjennom ein idehistorisk diskursanalyse av nynazistiske publikasjonar, har eg sett på uttrykksformer, strategiar, omfanget og utvikling av fornekting av holocaust. Fornekting har blitt delt inn i tre kategoriar - revisjonistisk, konspirasjonsteoretisk og signaliserande - for å samanlikne og skilje dei ulike måtane fornekting har blitt formidla i Noreg. Ljoset har i størst grad blitt retta mot dei nynazistiske tidskrifta Nasjonalisten, Gjallarhorn og Vigrid, men også nokre publikasjonar av enkeltindivid er studert. Som forskingsfelt er fornekting av holocaust lite, og med få bidrag. Studien er eit bidrag til dette smale forskingsfeltet. Det er likevel eit viktig felt. Dei som ynskjer å endre historia basert på ideologi, er både eit historiefagleg problem, men også eit samfunnsproblem. Dette er ein studie som rettar eit kritisk blikk mot rasistiske og antisemittiske tankar som spring ut av konspiratorisk ideologi. Det er viktig å handsame slike tankar på ein måte som tydeleggjer at dei er falske, og som ikkje gjev tankane fritt spelerom. Studien argumenterer for at fornekting av holocaust er eit nazistisk fenomen som vert uttrykt av dei som ynskjer å vidareføre nasjonalsosialistisk ideologi. Dette ynskjet rommar forsøk på å reinvaske nazismen, introdusere eit jødisk fiendesyn på nytt og vidareføre Nazi-Tysklands konspiratoriske syn på verda. Det vert vidare argumentert for fråværet av ein særskilt ‘norsk’ fornektande diskurs. Fornekting av holocaust i Noreg er internasjonal fornekting, på norsk. Til slutt ser me ei utvikling frå ein revisjonistisk topp rundt 1980, til større inkludering av konspiratoriske element fram mot tusenårsskiftet. This study explores the phenomenon of Holocaust denial in Norway from 1975 to 2000. Through an historical discourse analysis of neo-Nazi publications, I have examined forms of expression, strategies, extent and development of Holocaust denial. Denial has been divided into three categories - revisionist, conspiracy-theoretical, and signalling - in order to compare and differentiate the various ways in which denial has been conveyed in Norway. The focus has primarily been on the neo-Nazi journals Nasjonalisten, Gjallarhorn, and Vigrid, but also some publications by individuals have been studied. As a field of research, Holocaust denial is small, and we have few contributions. The study is a contribution to this narrow field of research. However, it is an important field. Those who seek to alter history based on ideology are both a historical problem and a societal problem. This is a study that take a critical look racist and anti-Semitic thoughts stemming from a conspiratorial ideology. It is important to address such thoughts in a way that clarifies that they are false and does not give them free rein. The study argues that Holocaust denial is a Nazi phenomenon expressed by those who wish to perpetuate national socialist ideology. Within this desire, we find attempts to whitewash Nazism, reintroduce a Jewish enemy view, and perpetuate Nazi Germany's conspiratorial worldview. Furthermore, it is argued that there is an absence of a 'Norwegian' discourse of denial. Holocaust denial in Norway is international denial expressed in Norwegian. Finally, we observe a shift from a revisionist peak around 1980 to a greater inclusion of conspiratorial elements towards the turn of the millennium. Historie mastergradsoppgåve HIS350 MAHF-LÆHR MAHF-HIS
- Published
- 2023