1. Sivilsamfunnsdeltaking blant innvandrarar i Noreg
- Author
-
Eimhjellen, Ivar, Bentsen, Henrik Litleré, and Wollebæk, Dag
- Abstract
I denne rapporten følgjer vi opp rapporten Organisasjonsengasjement blant innvandrarar (Eimhjellen og Arnesen, 2018) gjennom å analysere det same datagrunnlaget frå SSB vidare. Vi undersøker her samanhengar mellom frivillig arbeid og tillit, mellom frivillig arbeid og politisk deltaking og mellom frivillig arbeid og uformelt omsorgsarbeid blant innvandrarar i Noreg. For å følgje opp funn frå 2018-rapporten om eit særdeles lågt engasjementsnivå blant polakkar diskuterer vi òg årsakene til og bakgrunnen for dette basert på eksisterande litteratur og intervju med representantar for polske frivillige organisasjonar i Noreg. Analysane av SSB-data viser at det er ein samanheng mellom frivillig arbeid og tillit blant innvandrarar, og at særleg deltaking i såkalla overskridande organisasjonar, det vil seie organisasjonar som samlar personar på tvers av ulike kjenneteikn, har ein positiv samanheng med tillit. Frivillig arbeid er likevel ikkje den viktigaste eller einaste faktoren som verkar inn på tillitsnivået. Her er landbakgrunn, språkkunnskap, årsak til innvandring, opplevd diskriminering, alder og status viktigare som forklaringar på tillitsnivå.
- Published
- 2020