1. Å bli ein som jobbar. Ein tematisk analyse av studentperspektiv på obligatorisk praksis i sosiologi ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)
- Author
-
Irina Pavlova
- Subjects
arbeidslivsrelevans ,praksisfellesskap ,sosiologisk faglegheit ,arbeidsidentitet ,work orientation ,communities of practice ,Education (General) ,L7-991 - Abstract
Forventningar om framtidige kompetansebehov legg føringar for tettare samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar og arbeids- og samfunnsliv. Som ein del av denne utviklinga har fleire utdanningsinstitusjonar introdusert arbeidspraksis på utdanningar som historisk ikkje har tradisjonar for dette. Denne artikkelen legg fram ei kartlegging av studentperspektiv frå ein evalueringsstudie om innføring av obligatorisk praksis i bachelorutdanninga i sosiologi ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Forskingsspørsmåla er kva lærdommar studentar oppnår av og i sosiologisk praksis, og korleis studentane skapar meining mellom den teoretiske og den praktiske bruken av sosiologien. Artikkelen analyserer data frå fire gruppeintervju, to før og to etter praksisopphaldet. Studien viser ei breidd av erfaringar studentar i disiplinfag møter i arbeidspraksis. Å utvikle ein arbeidsidentitet og bli ein aktiv medlem i eit praksisfellesskap er sentrale lærdommar for studentane. Studien peikar også på nokre utfordringar studentane møter i praksis, som t.d. faglege og sosiale spenningar i etableringa av praksisfellesskap, kjensle av naudsyn legitimering av sosiologisk fagkunnskap i meiningsforhandlingane med arbeidslivet og utfordringar kring refleksjonsprosessen om si faglege «nytte» på arbeidsplassen. Spenningane studentane møter i praksis, kan på si side bringe fram nye måtar studentane tenkjer på kring sin eigen fagkompetanse etter avslutta studiar.
- Published
- 2022
- Full Text
- View/download PDF