Bakgrunn: Frivillige tilbod er ein del av det tverrfaglege folkehelsearbeidet. Caritas er eit eksempel på ein organisasjon som tilbyr ulike frivillige tilbod for innvandrarar, mellom anna norskopplæring og fysisk aktivitet. Det er ulikskap i helse blant innvandrarar og befolkninga elles og ulikskapen vert tydelegare ved auka alder. Helseutfordringar før- under og etter utvandring, er nokre eksempel på innvandrarspesifikke påverknadsfaktorar på helse. Samstundes kan det vere utfordrande å finne sin identitet mellom kulturar. I denne oppgåva handlar identitet om å finne sin plass i eit fellesskap. Målet med studien var å utforske eldre innvandrarkvinner sine opplevingar kring deltakinga i frivillige tilbod, og undersøke frivillige organisasjonar sine styrker og utfordringar i arbeidet kring innvandrarbefolkninga si helse. Metode: Analyser av 12 kvalitative forskingsintervju var grunnlaget for data i studien. I intervjua vart det teken i bruk delvis strukturert intervju, saman med ein tolk dersom deltakar ynskja dette. Analysetilnærminga som er brukt for å svare på problemstillinga er fortolkande fenomenologi. Slik legg studien vekt på å forstå sosiale fenomen ut frå deltakarane sine opplevingar og vidare beskrive verda slik den opplevast av deltakarane. Resultat: Analysane resulterte i tre hovudtema og seks subtema. Eit tema handlar om at kvinnene tek ansvar, med subtema helse og fysisk aktivitet, lære norsk og rekruttere andre personar til aktivitet. Deltakarane opplevde ulike gevinstar og barrierar for deltaking i fysisk aktivitet. Kvinnene opplevde at å lære norsk var viktig for ei vellukka integrering. Det var viktig å informere andre personar om aktivitetar, slik at fleire kunne nytte tilboda. Tema to handlar om arena for myndiggjering med subtema autonome ynskjer, forventningar og identitet vert utfordra. Fleire deltakarar hadde autonome ynskjer kring frivillige tilbod, samstundes vart ulike barrierar for deltaking nemnd. Ulike opplevingar blant deltakarane, kan ha påverka identiteten på ulike måtar. Tema tre handlar om at fellesskap motiverer med subtema sosiale relasjonar. Kvinnene opplevde at det var viktig med sosiale relasjonar for betre sjølvopplevd helse. Avslutting: Denne oppgåva er eit bidrag til å få ei innsikt i frivillige tilbod sine styrker og utfordringar kring eldre innvandrarkvinner si helse. Mangelfull informasjon og barrierar for deltaking er utfordringar i frivillige organisasjonar. Folkehelsekompetanse kan bidra til hensiktsmessige tilbod. Søkeord eldre innvandrarkvinner, folkehelsearbeid, helse-årsaksmodell, frivilligheit, identitet Background: Voluntary services are a part of interdisciplinary public health work. Caritas is an example of an organization offering a variety of voluntary services to immigrants, including Norwegian language training and physical activity. There is inequality in health between the immigrant population and the population at large, and this inequality grows more evident with age. Health issues present before and after emigration are examples of immigrant-specific factors affecting health. In addition, it may be challenging to establish a personal identity between cultures. In this thesis, identity is about finding one’s place in a community. The aim of this study was to explore elderly immigrant women’s experiences of participation in voluntary services in order to discover the strengths and challenges of voluntary organizations in health work pertaining to the health of the immigrant population. Method: Analysis from 12 qualitative research interviews was the source of data in this study. This was done through semi-structured interviews, and an interpreter was present when desired by the participant. The analytic approach used to answer the research question is interpretive phenomenology. In this manner, the thesis emphasizes the understanding of social phenomena based on the participants’ experiences, and further describes how the world is perceived by the participants. Results: The analysis resulted in three main topics, and six sub-topics. One topic is about women taking responsibility, with subtopics being health and physical activity, learning Norwegian and recruiting other people for activity. The participants experienced different gains and barriers through participation in physical activities. The women experienced that learning Norwegian was important for a successful integration. Informing others about these activities was important, so more people could benefit from the services. The second topic is an arena for empowerment with the sub-topics being autonomous desires, expectations and identity being challenged. Several participants had autonomous desires for voluntary services, while at the same time, different barriers to participation were mentioned. Different experiences among the participants may have affected their identity in different ways. Topic number three is community motivation with the sub-topic social relations. The women felt that social relationships were important for better self-perceived health. Conclusion: This thesis is a contribution towards gaining insight into voluntary services’ strengths and challenges working in elderly immigrant women’s health. Efforts to increase information and reduce participation barriers are some of the challenges faced in voluntary organizations. Public health competence could increase the knowledge about facilitating health-promoting services. Keywords: elderly immigrant women, public health, model of the determinants of health, voluntary services, identity.