1. Kritiske refleksjonar om praksiskunnskapens stilling i det obligatoriske grunnskuleløpet – Ein fenomenologisk analyse av møtet mellom pensum og elev
- Author
-
Grethe Nina Hestholm
- Subjects
Fenomenologi ,praktisk kunnskap ,pensum ,livsverd ,historisitet ,Phenomenology ,practical knowledge rationality ,curriculum ,lifeworld ,historicity ,Education (General) ,L7-991 - Abstract
Både fenomenologisk filosofi og teoriar om praktisk kunnskapsrasjonalitet formulerer erkjenningar som løftar fram det livsverdslege som materialgrunnlag for valid kunnskap. Det som særkjenner livsverda er det temporære, subjektive, fleirtydige og historisk situerte. Difor må, i følgje Edmund Husserl, ingen førpredikative premiss stå som kunnskapens udiskutable grunn. Han oppfordrar oss til å stille spørsmål ved tradisjonar som er så integrerte i kulturen at vi oppfattar dei som opphavelege. I ein pedagogisk samanheng er det aktuelt å undersøke om den sterke representasjonen av teoretisk pensum i grunnskulen er etablert i oss som eit dogme vi ikkje stiller spørsmål ved. For når vi spør kva elevgrupper som lir mest under situasjonen, er det tilsynelatande opplagte svaret at det er dei elevgruppene som ikkje «meistrar» teorien. Men finst det vinnarar i eit kunnskaps-udemokratisk system? Er ikkje alle som ikkje får tilgang til den rike praksiskunnskapen taparar? I denne artikkelen brukar eg fenomenologisk filosofi til å argumentere for ei pensumfornying der den tradisjonelt nedvurderte praksiskunnskapen blir gitt ein jamstilt plass. Med i analysen har eg refleksjonane til to ungdomar som begge går på ei yrkesfagleg linje i Noreg.
- Published
- 2017
- Full Text
- View/download PDF